Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
hovudside aktivitetar historie kurs og konferanse fasilitetar galleri lenkjer kontakt oss
lakseslottet
trans trans
Lakseslottet Lindum
Lakseslottet

Ved Suldalslågen langt inne i Ryfylke, omkransa av storslagen natur og med mangearta kulturopplevingar, ligg eit ekte lakseslott.

Slottet blei bygd av ein engelsk aristokrat på slutten av 1800-talet og har sitt eige venlegsinna gjenferd.

Kva skjer


OPERAEVENTYR på SLOTTET

Sundag 19. september kl 16.00.
Perler frå opera- og operette-repertoaret satt i scene av Lene Rudbæk Romseland, mezzo-sopran og Alie Hamberg, piano. Enkel servering, inngong 150,-. VELKOMEN!

Du kan høyre klipp frå tidlegare konsertar ved å klikke på notene!
Note nr 1Note nr 2

 

 

Forfattarbesøk i Skrivarhytta. Skrivarhytta langs Diktarvegen ligg i hagen til Lakseslottet Lindum. Hit kan dei som skriv for born og unge koma og bu gratis i sommarhalvåret.

Forfattar Kristi Furubotn er den første forfattaren som har nytta seg av tilbodet. Korleis Furubotn opplevde opphaldet på Lindum kan du lesa her.

 

Re-organisering
Lakseslottet Lindum er frå 1. juni i full drift etter ei reorganisering og imøtekjem alle førespurnadar. Kontakt: post(a)lakseslottet.no

 

 

Lakseslottet Lindum har 24 doble rom i ein eigen soveromsfløy og brure-suite i lordens gamle soverom i hovudhuset. Eigedomen ligg idyllisk til ved elvebreidda. Me skreddarsyr opplegg for små og store grupper, og Lakseslottet er ei ypparleg ramme kring kurs og konferansar, bryllaup, feiringar eller andre offentlege og private arrangement.

Som feriegjest kan du nyte fred og ro i harmoni med naturen eller du kan velje blant mange aktivitetar dersom du søkjer fart og spenning. Berre hugs at alle aktivitetar må avtalast på førehand.

laskseslottet
Det unike bygget, den spesielle historia, ei bevisst fokusering på mat av gode, naturlege, lokale råvarer og eit breitt spekter av natur-, kulturelle og historiske opplevingar gjer at me vågar å kalle Lakseslottet Lindum eit miljø utanom det vanlege.
Reisetider
kart

Frå Haugesund 2 timar
Frå Stavanger 3 timar
Frå Bergen 4 timar
Frå Oslo 5 timar

Hurtigbåt:
Frå Stavanger til Sand, 1 t 50 min.

Flyplassar:
Haugesund, Stavanger og Bergen

Ekspressbuss:
Oslo - Røldal, med korrespondanse med lokalbuss til Sand

Tog:
til Stavanger og Bergen frå Oslo

Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
norsk english deutsch Norsk Plan Kammerkonsert Kammerkonsert Kammerkonsert Kammerkonsert