| Historie |
 |
Den engelske aristokraten Montagu Waldo Sibthorp kom til Suldal første gong i 1884. Den vakre vestlandsnaturen gjorde eit sterkt inntrykk på han. Allereie året etter bygde han Lindum slik at han og familien fekk ein permanent tilhaldsstad i Ryfylke. "Lorden" leigde lakserettar langs store delar av Suldalslågen.
Lord Sibthorb kom frå den engelske byen Lincoln. Lakseslottet ved Suldalslågen vart kalla opp etter heimstaden hans og fekk namnet Lindum, som er det romerske namnet for Lincoln.
Kvar sommar og haust i nærare 30 år vart staden flittig besøkt av oppglødde engelskmenn som drog laks i Suldalslågen eller gjekk på jakt i det varierte og spennande Ryfylkelandskapet.
|
|
I tida mellom 1. og 2. verdskrig var eigedomen heim for gutar som var truga av tuberkulose. Gjenferdet på Lindum, den pålitelege sjukesystera, stammar frå denne perioden. |
 |
| Etter andre verdskrigen vart Lindum nytta som Kvileheim for slitne husmødrer opg seinare også som kursstad og aldersheim. Huset har gjennom alle tider vore ein gjestfri heim - så også i dag. |
|
|
| |
| Lakseslottet Lindum tek i dag imot gjester frå inn- og utland slik den engelske lorden gjorde det for meir enn 100 år sidan. Ringen er slutta. |
 |
klikk her for meir bilde |
|